Fjell

Fjell er eín av fleire vekstkommunar vest for Bergen. Vi ønskjer ryttarane velkomen i 2017.

Fjell kommune er eit moderne, pulserande øysamfunn med storhavet og storbyen Bergen som nære naboar. Kommunesenteret i Fjell ligg på Straume på Litlesotra.  Etter ein 15 minutt lang køyretur frå Fisketorget i Bergen møter du ein natur som byr på rekreasjon og gode opplevingar, med lyngheier og svaberg, blinkande vatn, opne hav og mange turløyper på kryss og tvers. Fjell kommune har eit mangfaldig foreinings- og kulturliv - med idrettsanlegg, symjebasseng og fotballbanar, lokale kulturbygg, Sotra Arena (arena for landskampar i handball), kystkultursenter og tre kyrkjer. Fjell har eit moderne, allsidig og ekspansivt næringsliv. Ein stor del av næringslivet er knytt opp mot olje- og gassnæringa. Ågotnes industriområde er eit viktig senter for service- og forsyningstenester til oljeverksemder i Nordsjøen. Også fiske, havbruk og handel er store næringar i Fjell.

Fjell kommune er i sterk utvikling, og folketalet er om lag 25 000. Straume sentrum utviklar seg frå å vera eit handlesentrum til å bli eit bysenter med mellom anna fleire hundre nye bustader. Bysenteret på Straume, med namnet Sotra Kystby, skal etter kvart knytast saman med ei omfattande utbygging på den nordre delen av Bildøyna.

Sykkel i Vest – Facebook

Sykkel i Vest – nettside

Fjell byr på eit fantastisk kystlandskap. (Foto: Fjell kommune)

 

 

 

 

 

 

Innbyggjare: 25.000

 

Ordførar: Marianne Sandahl Bjorøy

 

www.fjell.kommune.no

Main sponsors

Official Sponsors

Bergen 2017 Institutional Partners

UCI Official Suppliers

Bergen 2017 Official Suppliers